mandag 11. mai 2015

Kano

 Måndag den 13 april var friluftslivklassen på kanotur. Me byrja turen ved å møtast nedafor folkehøgskulen der me fann alt me trengde av utstyr som var årer, kano og redningsvestar samt ein svamp til å få ut eventuelt vatn frå kanoen. Me hadde med oss mat til å grille på bål, vottar og huer fordi det var kaldt på vatnet og denne dagen som me var ute var det ein del vind og, noko som påverka vatnet med bølgjer så det vart litt vansklegare å ro. Me fikk alle saman ut på vatnet i kanoar med 2 stk i kvar, og satte kursen mot andre sida, men me padla langs land i tilfelle nokon skulle kvelve sidan me ikkje hadde øvd på kameratredning endå, den dagen. Me kom oss bort til Sjøkanten der me gikk i land og skulle finne tørr ved til å lag bål på steinane, noko som ikkje vart vellykka på grunn av vinden som gjorde det vanskelegt å få fyr. Etter utallige forsøk gav me opp og padla tilbake der me gikk i land, fikk på plass kanoane og satte nasen heim.

Når ein skal ut på vatnet med ein kano er det lurt å vere varsom, fordi kanoane er stabile, men alikevell er det ein fare for å kvelve den. Når me skulle ut på vatnet, tok me kanoen uti først, så holdt den eine kanoen, mens den andre satte seg varsomt nedi og holdt i land så den andre fekk gjere det same. Det same gjorde me når me skulle oppatt, ein holdt i land, mens den andre varsomt tok seg opp på brygga og holdt i kanoen mens den andre fekk seg oppatt og. Deretter lyfta me kanoen saman oppatt på land. For å halde kanoen stabil når ein skal padle er det lurt å sitte rett, med strak rygg og få til gode og kraftige padletak.

Utstyret som er nødvendig når ein skal på kanotur er i alle fall ein kano, årer og redningsvest. I tillegg til dette er det lurt å ha med noko som ein kan ause opp vatn med i tilfelle det skulle komme noko opp i kanoen, og førstehjelpsutstyr er alltid lurt å ha med. Om ein skal ha med seg ein sekk i kanoen er det lurt å leggje det viktigaste i posar i tilfelle då kanoen skulle kvelve.

Me har ulike padleteknikkar som me brukar når me skal padle i kano.Den vanlegaste padleteknikken er drivtak for framgang. Det foregår ved at padleåra blir plassert loddrett ned i vatnet, så langt fram som muleg utan at ein treng og lene seg framover og at ein roterer overkroppen og trekk åra bakover med magemusklane og hofta å prøver og spare kraften i armane. Det er mest kraft i første del av taket og derfor skal ein avslutte taket når bladet er i høgde med hofta. Denne øvelsen blir gjentatt fleire gonger.



For å rygge er det padleteknikken bremsetak som blir brukt. Denne foregår ved at du startar med eitt vanlegt drivtak og når årebladet er i høgde med hofta roterar ein åra i ca 90 grader slik at det som har vert trykksida blir snudd inn mot båtsida og ned bak padlaren slik at åra blir liggande som eitt ror med heile årebladet i vatnet. 

Tysdag den 28 hadde me kameratredning, der me byrja med å hente 4 kanoar å bere dei opp til bassenget, vaske dei og få dei inn i bassenget. Så hadde me årer og gikk å skifta til badetøy. Me var to og to båtar som var kameratbåtar, og som skulle hjelpe kvarandre. Me gjorde akkuratt slik som dei gjer i denne videoen her: https://www.youtube.com/watch?v=3t7niFCoXSg Me kvelva, la oss på enden av båten slik at me fikk vippa den opp, og deretter drog dei som satt i den andre kanoen den opp i sin eigen kano og tippa den rundt og skyvde den utatt på vatnet. Så gikk dei i vatnet mellom kanoane og heise seg oppi. 




søndag 1. mars 2015

Tur til Sogndalsdalen

Tysdag den 10. februar reiste friluftslivklassen til Sogndalsdalen for å gå på ski. På førehand hadde me forbredt oss godt: lært korleis me skal orientere oss i vinterfjellet, og generelt om vinterfriluftsliv, sett på værmeldinga, planlagt turen, lagt ein plan B i tilfelle det skulle skje noko og pakka riktig i sekken.

Her er pakkelista for turen:
  • Dagstursekk
  • Førstehjelpsskrin
  • Varm og kald drikke
  • Niste
  • Sitteunderlag
  • Feller
  • Mellomplagg
  • Ullkle
  • Vind og vanntett ytterkle
  • Vottar (vanntett)
  • Ekstera vottar
  • Gamasjar
  • Hue
  • Ski og stavar
  • Kart og kompass (får på skulen)
  • Solbriller
  • Spade (får på skulen)

Turen byrja ved at me køyrte ein minibuss frå skulen til Sogndalsdalen. Då me kom fram bles de og småregna. Me gjekk frå parkeringsplassen ved skiheisen, i Rindabotn. Me hadde blitt delt inn i grupper, der ei og ei gruppe skulle ta oss til ein avtalt plass på kartet, slik att alle fekk lære litt meir om korleis me skulle orientere oss i terrenget i forhold til kartet og finne det punktet. Kvar gong me skulle bytte gruppe, hadde me ein liten pause, slik at me fekk samla alle og orientere oss på kartet. Me fyljge skiløypa til Stedjekammen og tok av ved Skavasgrovi og gikk vidare opp Skavashaugane. Då me var ved Skavashaugane, sigla me ned att fjellsida, og tilbake i løypene der det var vidare ned til parkeringsplassen der bussen venta igjen. Me valde å ikkje gå heilt opp på Skavashaugane fordi me ikkje hadde tid, og det var mykje vind. Her er eitt bilde av ruta som me gjekk.

Me valde å gå her, fordi det var trygt i forhold til snøskavler og ras-farar. Det var ein ganske behagelig og akkuratt passe lang tur.

Det eg lærte frå denne turen var eg ikkje er så stødig på ski i nedoverbakkane. Det tok lang tid å komme seg nedatt frå Skavashaugane! Då er det trening som må til! I sekken hadde eg pakka nokk og riktig med kled, så eg fraus ikkje på denne turen. Me fikk lære meir om kart og kompass på turen og korleis ein skal orientere seg i vinterfjellet, noko som er bra. Det var artig å kunne gå utafor løypene og berre fylgje kartet ved å finne ein trygg sti. Det som kan bli betre til nestegong er kanskje at eg må bli tryggare på ski i nedoverbakkar, at eg hugsar å ta me kart på neste tur og at eg blir flinkare på kart og kompass. Og ikkje minst at eg hugsar å ta bilete!


Grunna sjukdom var eg ikkje med på turen til Pikkhaug. 

mandag 8. desember 2014

Mat på tur

Når ein er på tur er det viktig og ha med seg riktig og nok mat.  Til frukost kan ein foreksempel lage havregraut, der ein har med seg havregryn, nøtter og rosiner som ein kokar opp med vatn du eventuelt finn på leirplassen. Dette er eitt sundt måltid som gir deg energi til heimturen. I stedet for kanel og sukker, kan du plukke ulike typer bær, til dømes blåbær, og ha i grauten om dette er på hausten.

Her er eitt bilde av havregraut med bær

Til lunsj kan ein eventuelt kombinere rett i koppen pose med medbrakt brød, knekkebrød eller lefse, eller ha oppi hurtigris eller potetmos for at dette skal mette meir.

Her er forskjellige rett i koppen suppar

Middag er det viktigaste måltidet om dagen. Her er det viktig at det er varm mat og at du bli mett, som til dømes pasta, ris, makaroni eller potetmos. Middagen skal innehalde riktig mengde med væske, Gode dømer på middagar som ein kan ha med på tur er pasta di parma som du får kjøpt i pose, der du kan tilsette litt kjøtt, tomatsuppe, makaroni og eventuelt kjøtt om du vi ha, der du treng berre ein pose, kjøtet og vatn, eller potetmos i pose og pølser.

Pasta di parma

Til kveldsmat er det viktig å ha eitt godt og næringsrikt måltid. Ellers er dette ein "sosialt" måltid, der ein kan sitte i lag rundt eitt bål og lage til dømes  pinnebrød og pølser, ostesmørbrød eller pannekaker. Til dessert er det godt med steikte epler med kanel og sukker, eller banan med sjokolade i.

Pølse og pinnebrød

Steikte epler på bål med sukker og kanel

-Beate

tirsdag 30. september 2014

Bål

Mandag 29.09.14 reiste me opp i skogen ved Rutlin, for å lære om bål. Når me kom opp, var det to studentar som alle rede hadde kveikt opp eitt bål. Me fikk ulike oppgåver, nokon kløyvde ved, nokre lagde trefot, nokre spikka trefliser og mi gruppe fant bjørkenever. Alt dette brukte dei to studentane for å vise oss korleis ein skulle lage eitt "firkanta bål" eller vinterbål. Det var eitt ganske bra bål, sidan me tente på oppe på bålet, så brant det nedover sidan det var fleire "etasjar" med pinnar og ved som vart tjukkare til lenger ned du kom i bålet. Dette er eitt bål som brenn lenge, som er best å bruke når du skal holde varmen, eller grille lenge. Spessielt om vinteren. Over stod det ein trefot som eine gruppa hadde laga. Denne vart brukt til å holde ein kjele over bålet t.d om me skulle koke vatn.


Bålet

Når det påtente bålet var blitt varmt nokk, la me ei rist over og kunne byrje og grille maten vår. Dei aller fleste hadde med seg ostesmørbrød inni aliminiumsfolie, og nokre hadde med seg pølser som dei grilla. Me kokte og vatn så me fekk solbærtoddy, te, osv. Så satt me og koste oss mens me åt maten vår. Kjersti og Hanne hadde kutta opp eplebitar med kanel, sukker og smør som vart lagt på bålet inni aliminiumsfolie, så alle fikk smake. Så gikk me ned igjen for neste time.

-Beate

mandag 22. september 2014

Fjærlandsete

På mandag den 15. september var eg og friluftslivklassen på tur til Fjærlandsete, og sov over i telt til tysdag. Me byrja med at me vart kjørt av ein minibuss opp til Mannsverk, og deretter gikk me oppover til me kom til Furusete der me hadde ein  og lunsjpause. Så var det strake vegen til me var framme på Fjærlandsete! Når me kom opp, satte me opp teltet. De tok litt tid før me fann ut korleis det skulle gjerast, men så gikk de fint når me fikk gjort de rett. Etter de fekk me endelig tid til å fiska! Vart dessverre ikkje noko fisk på meg denne gongen heller, men og mat fekk me alikevell!
De gikk mot kveld, og til mørkare de vart til kosligare vart de. Me tente bål etter klokka 12 sidan det var då me fekk lov til å tenna bål, og lagde oss kvelds. Etter ei stund gikk opp etter dekning ved hyttene, og fekk den fine utsikta over Fjærlandsete! Når eg kom ned igjen, satt me rundt bålet og fortalte historiar, til me gikk å la oss.
Tatt fra stoppepausen vår ved Furusete, nedover i dalen.

 
Her er bilete eg tok om kvelden over Fjærlandsete


Bålkos 





Her er teltet oppe!

Middag med Sander, Oda og Live 

Bålkos

Neste morgon måtte eg berre oppatte til hyttene for å ta eitt nytt bilde. Nesten like fint! Eg og Oda gikk for å fylle vatn flaskene, og når me var komne tilbake var dei andre vanka og, så me byrja å lage frukost, samt pakke saman tinga våre og teltet. Så var det klart for avreise mot Kollsete.
Her har me stoppa for ein drikkepause på veg mot Fagreggi

Fjærlandsete om morgonen!

Når me var komne opp ved hyttene, var det mi gruppe som besto av Live, Oda, Sander og meg, sin tur til å lede gruppa til Fagreggi. Me valde å gå atmed Storavatnet og langs Rundavatnet og videre bort til Fagreggi, fordi det var det som me såg som det beste alternativet for å komme oss lett fram.  Når me kom fram var det ein lunsjpause som blei etterfulgt av den siste biten haim. Det var ein god følelse å sjå bussen kom kjøyrande, for me visste då at det gikk tilbake til internett, ei god seng som sto heime å venta, dusj og ikkje minst ein vanleg do!
På denne turen hadde eg pakka godt med varme klede, så eg fraus ikkje! Me var ganske heldig med været, hadde sol begge dagane sjølv om det var litt kaldt på morgonen. Men det gjorde ingenting pga dei gode kledna mine. Erfaringar som eg gjorde meg på denne turen var å pakke godt med klede, nokk mat, eitt førstehjelpsskrin og ein dorull med tørre fyrstikker!
Eg har lært mykje meir om pakking på denne turen her. Fikk god hjelp av pappa, og det som stod i teoriboka vår, så har lært korleis ein skal pakke sekken betre! Elles har dette vert ein kjempekosleg tur, som eg vil glatt gjere igjenn med veninner osv! Og ikkje minst godt selskap hadde eg!


-Beate