mandag 11. mai 2015

Kano

 Måndag den 13 april var friluftslivklassen på kanotur. Me byrja turen ved å møtast nedafor folkehøgskulen der me fann alt me trengde av utstyr som var årer, kano og redningsvestar samt ein svamp til å få ut eventuelt vatn frå kanoen. Me hadde med oss mat til å grille på bål, vottar og huer fordi det var kaldt på vatnet og denne dagen som me var ute var det ein del vind og, noko som påverka vatnet med bølgjer så det vart litt vansklegare å ro. Me fikk alle saman ut på vatnet i kanoar med 2 stk i kvar, og satte kursen mot andre sida, men me padla langs land i tilfelle nokon skulle kvelve sidan me ikkje hadde øvd på kameratredning endå, den dagen. Me kom oss bort til Sjøkanten der me gikk i land og skulle finne tørr ved til å lag bål på steinane, noko som ikkje vart vellykka på grunn av vinden som gjorde det vanskelegt å få fyr. Etter utallige forsøk gav me opp og padla tilbake der me gikk i land, fikk på plass kanoane og satte nasen heim.

Når ein skal ut på vatnet med ein kano er det lurt å vere varsom, fordi kanoane er stabile, men alikevell er det ein fare for å kvelve den. Når me skulle ut på vatnet, tok me kanoen uti først, så holdt den eine kanoen, mens den andre satte seg varsomt nedi og holdt i land så den andre fekk gjere det same. Det same gjorde me når me skulle oppatt, ein holdt i land, mens den andre varsomt tok seg opp på brygga og holdt i kanoen mens den andre fekk seg oppatt og. Deretter lyfta me kanoen saman oppatt på land. For å halde kanoen stabil når ein skal padle er det lurt å sitte rett, med strak rygg og få til gode og kraftige padletak.

Utstyret som er nødvendig når ein skal på kanotur er i alle fall ein kano, årer og redningsvest. I tillegg til dette er det lurt å ha med noko som ein kan ause opp vatn med i tilfelle det skulle komme noko opp i kanoen, og førstehjelpsutstyr er alltid lurt å ha med. Om ein skal ha med seg ein sekk i kanoen er det lurt å leggje det viktigaste i posar i tilfelle då kanoen skulle kvelve.

Me har ulike padleteknikkar som me brukar når me skal padle i kano.Den vanlegaste padleteknikken er drivtak for framgang. Det foregår ved at padleåra blir plassert loddrett ned i vatnet, så langt fram som muleg utan at ein treng og lene seg framover og at ein roterer overkroppen og trekk åra bakover med magemusklane og hofta å prøver og spare kraften i armane. Det er mest kraft i første del av taket og derfor skal ein avslutte taket når bladet er i høgde med hofta. Denne øvelsen blir gjentatt fleire gonger.



For å rygge er det padleteknikken bremsetak som blir brukt. Denne foregår ved at du startar med eitt vanlegt drivtak og når årebladet er i høgde med hofta roterar ein åra i ca 90 grader slik at det som har vert trykksida blir snudd inn mot båtsida og ned bak padlaren slik at åra blir liggande som eitt ror med heile årebladet i vatnet. 

Tysdag den 28 hadde me kameratredning, der me byrja med å hente 4 kanoar å bere dei opp til bassenget, vaske dei og få dei inn i bassenget. Så hadde me årer og gikk å skifta til badetøy. Me var to og to båtar som var kameratbåtar, og som skulle hjelpe kvarandre. Me gjorde akkuratt slik som dei gjer i denne videoen her: https://www.youtube.com/watch?v=3t7niFCoXSg Me kvelva, la oss på enden av båten slik at me fikk vippa den opp, og deretter drog dei som satt i den andre kanoen den opp i sin eigen kano og tippa den rundt og skyvde den utatt på vatnet. Så gikk dei i vatnet mellom kanoane og heise seg oppi.