Torsdag den 04. juni stod friluftslivklassen ved båthuse til skulen for å legga kanoane på vatnet og padle til Store Øyna for å sove i telt. Me fikk kanoane trygt uti og bagasjen oppi og vende nasen mot Loftesnesbrua. Deretter følge me land til me kom til Øyna som vist på dette bilete:
Me reise klokka 10:30 frå naustet og vart framme 12.00. Denne ruta va 3,6 kilometer og me bruke ein og ein halv time på dette. Me hadde og pausar undervegs for å samlast og ta ut kompasskurs osv. Når me kom fram til Øyna hadde me ein lunsjpause, fann leirplass som mi gruppe var ansvarleg for, og satte opp telta før me la ut igjenn på vatnet for å padle til Saurane og gå opp mot Dal. Det var veldig masse bølger og vind akkuratt då, så var mange gonger me holdt på å kvelve, men me klarde og halde oss tørre. Den blå streken er padlestrekninga til Saurane og den raude streken er stien og strekninga som me gikk på tur i fjellet opp mot Dal til me snudde og gikk nedigjenn og padla heim:
Denne padlestrekninga var ca 2,40 km og turen var på 700 m.
Lunsjpausen er ferdig, og telta er på veg opp!
Lunsjpause
Når me endelig kom tilbake til Øyna, slitne, trøtte og ikkje minst svoltne, var det middagstid! Mi gruppe som bestod an Anja, Rikke og Oda lagde tomatsuppe. Eg trur at tomatsuppe har aldri smakt så godt før, som det gjorde då! Me hadde nybakte bollar til suppa og, i tillegg til makaroni og pølser so det skulle bli litt meir mat av den. Utover kvelden koste me me geitene, spelte kort, tente bål, åt kveldsmat, lærte ulike knutar og koste oss før me gikk å la oss.
Eitt geiteselfie må til
Eg og Kjersti på geitesafari
Rikke likte geitene og, men geitene likte ikkje ho
Me holdt nede greinene på trea slik at geitene fikk ete frå dei
Kveldskos ved bålet
Kjersti, Hanne, Rikke og Marianne chillan etter ein lang dag i kano
Litt kos i teltet med Hanne og Kjersti før me skal legga oss
Dagen etterpå vakna me 8 og gikk rett ut for å starte stormkjøkkene og begynne å koke vatnet me skulle ha til frukosten, av tidlegare erfaringar sidan det tok litt tid å koke det. Me kledde så på oss, gikk på do og da var vatnet klart! Alle på gruppa hadde med seg rett i koppensuppe eller nuddlar til frukost. Det smakte veldig godt! Deretter bar det heimover. Me la kanoane på vatnet og satte snuten heim klokka hall 11. Forskjellen frå dagen før var at fredagen vart det vindstille og ingen bølger og masse sol. Det var superfint å padle då! Me padla same vegen heim, som me hadde gjort bort, hadde samme stoppa og brukte like lang tid. Når me kom til naustet og hadde fått alt og alle på land gikk me opp til skulen for å vaske stormkjøkkena og levere tilbake fellesutstyret og så var det heim til ein etterlengta dusj.
Marianne og Therese ventar på frukost
Heimturen
Forskjellen på dei to dagane var jo som nemnt været, torsdagen måtte me ta mykje meir i, i padletaka og fredagen var det heilt stille på vatnet så da gikk det lettare. Me brukte mest drivtak for å komme framover og bremsetak for å snu eller stoppe opp. Korleis desse taket er, står i forrige blogginnlegg. At me hadde padla, å måtte ta i kunne me merka veldig godt i armane dagen etterpå!
Eg hadde med meg alt eg trengte av kled, og ikkje for mykje klede. Eg har ikkje frøse på turen, men skovalget mitt kunne vert annarledes. Dette resulterte i eitt veldig stort gnagsår. Så det eg har lært på turen er at ein må velga rett sko, og eg har lert meir om korleis padleteknikkane er og fått nye erfaringar i kytfriluftslivet!
Dette var ein kjempekjekk og sosial tur som eg vil anbefale til andre. Og til slutt og ikkje minst takk for turen til alle mine turkameratar!