søndag 1. mars 2015

Tur til Sogndalsdalen

Tysdag den 10. februar reiste friluftslivklassen til Sogndalsdalen for å gå på ski. På førehand hadde me forbredt oss godt: lært korleis me skal orientere oss i vinterfjellet, og generelt om vinterfriluftsliv, sett på værmeldinga, planlagt turen, lagt ein plan B i tilfelle det skulle skje noko og pakka riktig i sekken.

Her er pakkelista for turen:
  • Dagstursekk
  • Førstehjelpsskrin
  • Varm og kald drikke
  • Niste
  • Sitteunderlag
  • Feller
  • Mellomplagg
  • Ullkle
  • Vind og vanntett ytterkle
  • Vottar (vanntett)
  • Ekstera vottar
  • Gamasjar
  • Hue
  • Ski og stavar
  • Kart og kompass (får på skulen)
  • Solbriller
  • Spade (får på skulen)

Turen byrja ved at me køyrte ein minibuss frå skulen til Sogndalsdalen. Då me kom fram bles de og småregna. Me gjekk frå parkeringsplassen ved skiheisen, i Rindabotn. Me hadde blitt delt inn i grupper, der ei og ei gruppe skulle ta oss til ein avtalt plass på kartet, slik att alle fekk lære litt meir om korleis me skulle orientere oss i terrenget i forhold til kartet og finne det punktet. Kvar gong me skulle bytte gruppe, hadde me ein liten pause, slik at me fekk samla alle og orientere oss på kartet. Me fyljge skiløypa til Stedjekammen og tok av ved Skavasgrovi og gikk vidare opp Skavashaugane. Då me var ved Skavashaugane, sigla me ned att fjellsida, og tilbake i løypene der det var vidare ned til parkeringsplassen der bussen venta igjen. Me valde å ikkje gå heilt opp på Skavashaugane fordi me ikkje hadde tid, og det var mykje vind. Her er eitt bilde av ruta som me gjekk.

Me valde å gå her, fordi det var trygt i forhold til snøskavler og ras-farar. Det var ein ganske behagelig og akkuratt passe lang tur.

Det eg lærte frå denne turen var eg ikkje er så stødig på ski i nedoverbakkane. Det tok lang tid å komme seg nedatt frå Skavashaugane! Då er det trening som må til! I sekken hadde eg pakka nokk og riktig med kled, så eg fraus ikkje på denne turen. Me fikk lære meir om kart og kompass på turen og korleis ein skal orientere seg i vinterfjellet, noko som er bra. Det var artig å kunne gå utafor løypene og berre fylgje kartet ved å finne ein trygg sti. Det som kan bli betre til nestegong er kanskje at eg må bli tryggare på ski i nedoverbakkar, at eg hugsar å ta me kart på neste tur og at eg blir flinkare på kart og kompass. Og ikkje minst at eg hugsar å ta bilete!


Grunna sjukdom var eg ikkje med på turen til Pikkhaug. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar