Mandag 29.09.14 reiste me opp i skogen ved Rutlin, for å lære om bål. Når me kom opp, var det to studentar som alle rede hadde kveikt opp eitt bål. Me fikk ulike oppgåver, nokon kløyvde ved, nokre lagde trefot, nokre spikka trefliser og mi gruppe fant bjørkenever. Alt dette brukte dei to studentane for å vise oss korleis ein skulle lage eitt "firkanta bål" eller vinterbål. Det var eitt ganske bra bål, sidan me tente på oppe på bålet, så brant det nedover sidan det var fleire "etasjar" med pinnar og ved som vart tjukkare til lenger ned du kom i bålet. Dette er eitt bål som brenn lenge, som er best å bruke når du skal holde varmen, eller grille lenge. Spessielt om vinteren. Over stod det ein trefot som eine gruppa hadde laga. Denne vart brukt til å holde ein kjele over bålet t.d om me skulle koke vatn.
Bålet
Når det påtente bålet var blitt varmt nokk, la me ei rist over og kunne byrje og grille maten vår. Dei aller fleste hadde med seg ostesmørbrød inni aliminiumsfolie, og nokre hadde med seg pølser som dei grilla. Me kokte og vatn så me fekk solbærtoddy, te, osv. Så satt me og koste oss mens me åt maten vår. Kjersti og Hanne hadde kutta opp eplebitar med kanel, sukker og smør som vart lagt på bålet inni aliminiumsfolie, så alle fikk smake. Så gikk me ned igjen for neste time.
-Beate

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar