På mandag den 15. september var eg og friluftslivklassen på
tur til Fjærlandsete, og sov over i telt til tysdag. Me byrja med at me vart kjørt av ein minibuss
opp til Mannsverk, og deretter gikk me oppover til me kom til Furusete der me
hadde ein og lunsjpause. Så var det
strake vegen til me var framme på Fjærlandsete! Når me kom opp, satte me opp
teltet. De tok litt tid før me fann ut korleis det skulle gjerast, men så gikk
de fint når me fikk gjort de rett. Etter de fekk me endelig tid til å fiska!
Vart dessverre ikkje noko fisk på meg denne gongen heller, men og mat fekk me
alikevell!
De gikk
mot kveld, og til mørkare de vart til kosligare vart de. Me tente bål etter
klokka 12 sidan det var då me fekk lov til å tenna bål, og lagde oss kvelds. Etter
ei stund gikk opp etter dekning ved hyttene, og fekk den fine utsikta over
Fjærlandsete! Når eg kom ned igjen, satt me rundt bålet og fortalte historiar,
til me gikk å la oss.
Tatt fra stoppepausen vår ved Furusete, nedover i dalen.
Her er bilete eg tok om kvelden over Fjærlandsete
Bålkos
Her er teltet oppe!
Middag med Sander, Oda og Live
Bålkos
Neste
morgon måtte eg berre oppatte til hyttene for å ta eitt nytt bilde. Nesten like
fint! Eg og Oda gikk for å fylle vatn flaskene, og når me var komne tilbake var
dei andre vanka og, så me byrja å lage frukost, samt pakke saman tinga våre og
teltet. Så var det klart for avreise mot Kollsete.
Her har me stoppa for ein drikkepause på veg mot Fagreggi
Fjærlandsete om morgonen!
Når me var
komne opp ved hyttene, var det mi gruppe som besto av Live, Oda, Sander og meg,
sin tur til å lede gruppa til Fagreggi. Me valde å gå atmed Storavatnet og
langs Rundavatnet og videre bort til Fagreggi, fordi det var det som me såg som
det beste alternativet for å komme oss lett fram. Når me kom fram var det ein lunsjpause som
blei etterfulgt av den siste biten haim. Det var ein god følelse å sjå bussen
kom kjøyrande, for me visste då at det gikk tilbake til internett, ei god seng
som sto heime å venta, dusj og ikkje minst ein vanleg do!
På denne
turen hadde eg pakka godt med varme klede, så eg fraus ikkje! Me var ganske
heldig med været, hadde sol begge dagane sjølv om det var litt kaldt på
morgonen. Men det gjorde ingenting pga dei gode kledna mine. Erfaringar som eg
gjorde meg på denne turen var å pakke godt med klede, nokk mat, eitt
førstehjelpsskrin og ein dorull med tørre fyrstikker!
Eg har
lært mykje meir om pakking på denne turen her. Fikk god hjelp av pappa, og det
som stod i teoriboka vår, så har lært korleis ein skal pakke sekken betre! Elles
har dette vert ein kjempekosleg tur, som eg vil glatt gjere igjenn med veninner
osv! Og ikkje minst godt selskap hadde eg!
-Beate







